Post 5: Dugurdshaugen

UtgangspunktKøyr av Rv. 15 ved Bångråttjønna og parker like nedanfor Plasskvei (siste vegen til venstre før Storlien).

TurbeskrivingFylg blå merkeband i 350 m ovanfor og aust for Plasskvei til ein traktorveg. Denne fylgjer du oppover så langt den går, før du kjem inn på eit råk. Etter at råket er slutt er det på nytt blå merkeband til du kjem opp på fjellet. Siste delen er ulendt og mykje kratt. Dette er ein bratt og krevjande tur sjølv om den ikkje er så lang. Posten ligg på den austlegaste toppen på 1226 moh. Svært fin utsikt over heile Nordberg. Alternativt kan du gå frå Skjellom og austover, men her er det mykje lyng.

Kartblad: Turkart Skjåk / 1518 I Skjåk

GPS-koordinatar32V 0455298 UTM 6861714

Posten vart sett opp 28. juni. Da var det turt føre, men det er framleis ein krevjande tur, som ikkje er for dei minste fjellgeitene. Om dykk blir usikre på vegen, så berre sjå etter blå merkeband.

Viss de ser noko mistenkeleg rundt sauar på turen, så fint om dykk tek kontakt med Thorstein Åmodt (90 75 47 88).