Post 8: Kummemyren

Utgangspunkt: Parker ved Marlo Grendahus.

TurbeskrivingGå 400 m langs Solsidevegen vestover. Fylg raudmerkt stig mot Kummehytta/Kummemyren. Stigen er bratt i byrjinga, men flatar noko ut og går etterkvart over i skogsbilveg fram til Kummehytta. 

Kummehytta var opphaveleg ei gjetarbu som fleire av gardane i Reppen delte. Gjetarane hadde småfeet i kvea nedanfor hytta nattestid, slik at dei kunne vakte dei mot rovdyr. Hytta stod til nedfalls i mange år, før Ivar Kummen og Erland Vigstad restaurerte ho sist på 1990-talet. Etter restaureringa har ho vore eit populært turmål. Hytta står open, og det er turbok ein kan skrive i inne.

Frå Kummehytta er det raudmerka stig vidare til Kummemyren. Posten står der den raudmerka stigen sluttar, sjølve Kummemyren ligg enda 500 m lenger inn. 

9.mai var det stort sett tørt og greitt føre. Det er nokre snøfonner att i stigen mellom Kummehytta og posten, men desse er enkle å gå rundt.

Kartblad: Turkart Skjåk / 1518 I Skjåk

GPS-koordinatar32V 0467820 UTM 6863262