Post 9: Tverreggi

Utgangspunkt: Mysubytta

TurbeskrivingKryss brua ved Mysubytta. Fylg skilting mot Tverreggje ved stigkrysset etter brua. Deretter tek stigen opp gjennom bjørkelia og vidare oppover ryggen. Etter kvart tek stigen av mot venstre (sørvest). Stigen er merka med blåe band i skogen. 

NB! Grunna mykje snø er vardinga over tregrensa vanskeleg å fylgje (pr. 23.juli). Pass på å halde godt til venstre langs med Syrtbyttdalen og ikkje skjer rett opp mot toppen etter de kjem ut av skogen. Bruk kart og kompass aktivt! Ver obs på glatte sva og bratte snøfonner. Dette er ein tur som eignar seg best i fint, tørt vér.

Det kan vere noko laus stein enkelte stadar. Posten er plassert på fremste høgda (1561 moh). Flott utsikt! Hugs kart og kompass.

Kartblad: Turkart Skjåk / 1418 I Skridulaupen

GPS-koordinatar32V 0425120 UTM 6852318